LEDIGE GENARAv Erling Okkenhaug ©, 30 teikningar av Knut
Anders Løken © ( KAL-X) På nynorsk ved Ola Breivega
Stjernor Sume sviv andre stend stilt mest av alt er eg klår
Tusundfrygd Kjolen høver til det andre men eg skal ikkje verta hugteken korso
I skulegarden 1965 Små kjærlege einvegsbillettar flidde av veninnor
Bergnabb Stilt gras vridi fura og målingsflekker
Tango Kor mange dansar avslappa utan å måtta yta?
Psykiater i marknaden Her kunde eg vorte millionær på eigendelar
Impress Du i det gule Cindy Lauper-skjørtet med svarte Pepita-bylgjor vil du sjå ættetavla åt ein av venene mine
Eg måtte måla abstrakt på akkord
Jaktnytt We Are The World er vorten klinar'n på dansegolvet there are people dying
All Right Japanske kvinnor i vestleg formgjeving
Solidarium Han er ikkje den som legg seg under ei ljoskruna
Ved kjøtdisken Aldri tøymd snarare smeikt og gjenomhola
Casanova Når det galdt kvinnor hadde han eit ovgrant øyra med utgreidingar i fleire timar um dei mest erogene sonor
Vener av pinsen Det er snyrte å bruka Jesus som tilvising for si eigi fullkoma
Laks Gjentone verdset kvarandres Galtesund Tunne sylspissar til båtar med alle Øvrevoll-hestane bak og kredittkortet til pappa ved rattet
A/S Bærtur Det er ein høg pris å betala når ein set seg mål ein kann nå heile tidi
Dersom du ikkje skynar dette er du tår
Disco Bye, bye love og alle dansa
X) Sjølvuppteken Ut or sin eigen navle frå 0 til 100 på 4,8 sek.
Karakter Ikkje pent og pynteleg lagd i oskeskåli saman med hine men kasta i søyla på fortoget og trakka på
180 På full fart ut or/inn i uppriti åt styremaktene
Punktljos Som miksmasterar på nake golv einast arvelause basillar
Fotograf Motlaus i motljos
X) Bokmann Manus depressiv
Stikkelsbær Er det noko op her for å vera sorgtung?
Uteliggjar Baksida av medaljen var framsida
Å eta svord jolaftan Å leggja fingrane flatt ut på eit dansegolv i jenka
Brudgom Fjorde gongen er det ingen usmak på kransekaka
Hoppvika Alle er med gratis syntetisk
X) Fatige Dei som slæst seg upp i fiffen
Eim Ein draum av ei vekkjing
Attention Som bokstav i midten av orDet
Etter Lotta Men Nelson kvarv med ættetavlone sine og bileti av barneborn brått velfar like greidt same båt
Von Ljoset um sumaren er betre for bakken
X) Ungkar Det finst so mange ledige genar
Teater Minste sams ultimatum
Faktiske frukter Eg måtte taka han i handi på at me skulde vera vener trykte eldraka og såg ned
Tilhøve Femna um barna Fata um fara
Isme Ho: Kva stjerneteikn er du? Han: Eg samlar på frimerke, eg...
X) Musefella Menn gifter seg ofte av dårleg samvit
Moll Brått hadde møderne døtter
Kreml Blyfri livnad med vikeplikt for kvende varsam giring yver til inkjevetta
Business Forviten Ikkje forviten gåsegang
X) Hysterisk museum Det var so fåe gutar der at gjentone sette seg ved omnen
Skam Dei baufile hev det ikkje godt
Gud Akta deg for dei som vekslar i kollektskåli!
Ein doven pils blandt champagnespruddel
Snipa Mor til den spanske dvergen fekk dobbel grunn til å vera mor
X) Jakobs moral Veit kvefsane at det gjer vondt når dei stikk?
Kjendis Fluga på veggen i sitt eige liv
Make up Magen var so stor og tung at han drog ut alle rukkone i andletet
Ovundring Betre med nyrestein enn nasegrus
Samanlappa crescendo Fyrst for Tore med Grete so Jon med Marit og eg med boset
X) NRK Radikalarar på trygg grunn
Globe Fotografen for til Aust-Europa og vilde læra seg alt um gråtonar
Krativt forum Kampfljugarar yver ingenmannsland millom reine og ureine idear
Stephanie, Arendal Ljosi sviv snøggare enn hjarto
Norsk såpa I den heimen hekk istappane på innsida av vindaugo
X) Kneip når det kniiip... Utsyn Dersom ein er i kvinnelynde er mangt mogeleg her
Yver Polen Borni leikar i midgangen på flyet Dei vaksne smiler orsakande til kvarandre
Bankgiro Ei gledestund med vindauga på rette sida
X) Fall i koll på gata Åskodarar som støkte antilopar ved eit kill på savannen
Boktittel Spursmål eg aldri vilde gjort meg sjølv
Credo Di tru ditt ego, du
Seminar Eg strekte meg etter ein ikkje innløyst drink og dei venlege som smilte
Kvinnefrigjering akselputor
X) Venger Stilt heimetter gutane dreg ut kubikkane sine i natti i staden
Drust og dramb Rører meg sakte mot hjarta mitt
Eigen jante Du skal ikkje tru at du er noko sa einkvan men so er ikkje vegen lang til boset heller
Kvinnekamp Å, neglelakk kor du din glans hev tapt
Einsam er, ein som er Eg skal ganga frå deg når eg elskar deg mest
X) Nøgsemdbylgja Um det so er det siste me gjer
Kvalitet Vøre det so viktigt å lyda, so hadde vel folk havt noko å segja
Alter-naiv Eg for min del hev bede ein del gode bøner i det siste
Trygve Hegnar Det er formgjeving nok på tusundlappane
Me litt reddvorne tek vare på det ugjorde
X) Like for like Gud skapte oss i sitt bilete me gjev like for like
Glosa Einfalds regatta
Handicap-læger Du kastar boccia-kulor inn i eit umvære
Uppteke-signal Kann ikkje lova deg å vera for handi til kvar tid for kvar tid hev eg fyrr ikkje bruka til mykje
Gamleheim Koma til skjellsord og alder
X) Verdi vil narrast På nynorsk eller bokmål?
Tverr Stakkars deg som meiner um det du aldri torde i bylgjone åt andre
Muffins Tri muffins fekk eg til kaffien Mistenkjelege småkakor til ei krona stykket
Askese Ikkje å falla for freistingi til å ramla i den altfor festlege kulpen
Verdsmeister Når du klappar medan du skålar søyler du
X) Trøyst Det er ikkje so gale å vera bondsk um du er frå den største garden i bygdi
Norsk samaritan Til den døyande på fortoget: Det er knei med meg...
Elastiske samtalor gjeng i kasuset gummitiv
Engelen I trieinings døypefont er lite aerodynamisk forsvarleg
Bar Cocktail-bær til kunstig fræving
X) Dyre dyr skye giraffar rotne rottor musikalske myser håse hestar katolske kattar kuva kyr billege bikkjor
Bløff Hev du høyrt bjørnen segja brum-brum?
Maria Møy Ho var ein kandelaber av eit menneske
Forretningsbrev Skriv ein kjære...?
Fredag Å kyssa ei intelligent gjenta er eit helvete når ho byrjar å analysera tunga di
Kjærleik kverv med definisjonar
X) Mi stoda æhr so sjerskild
Manesje Kanarifuglen let att augo når streng kona gjeng framum soli råkar kvit mann
Ferd Gule franske notatblokker et idear
Brydd Skitrenaren treffer låri mine når han klappar hennar
Eg er like spansk som du din plukkfisk
X) Eg Må betala kvar einaste livs-jatande hysteriske gledelege uppøste positive og bivrande lukkelege augneblink med ein nedtur
Nålauga Største svipa for mennesket er minste motstands veg
Avslag All verdsens einfelde løysingar du bed ikkje eingong um å verta fangteken
Bægje Å byrja etter å hava pussa tenner og tømt bos og gnika den gråe sekstiwattpæra
Børst Dei møtte kvarandre gjenom håret og gjev kvarandre lov til kva det skal vera
X) Middag Verdi treng ikkje sensasjonar men kjærleik og Dagbladet
Frådrag Eg trudde at business skulde løysa ut men so kjende eg att lukti av gamle dagar
Sjølvmelding Skrått yver gata med vikande munnvikar og samanbitne skrev
Bondesjakk Småbrukarsjakk attåtnæringssjakk husmannssjakk
E. C. Dahls skipnad Alle ungar liknar på ein prikk
X) Etter 35 Anten utfor i ro og mak eller i krappe svingar
Peparmynta Eg klappar eit lett godnatt på aksli di eg klappar varleg eit fjørugt fangtak
Folkeskulen Lærarar med jamsides nedslag og lakmuspapir i augo
Frisør 30 graders augnefeste uppetter store ord frå småe skuggar tuppert tappert snildt smilt
X) Børs og katedral Yver direktørteppe berrføtt i sanddynor med canossasteg i banken eller stiltrande etter den fagre...
Morgon Eg er 360 grader open
Konfirmasjon Gåvebordet skreik break-even
Gud Eg hev mist summetonen
Reklame Mammon med ein smil
Selters Alle løysingar glapp då du freista å vera hyggjeleg
X) Menn byggjer Lego i høgdi kvinnor i breiddi
Åleine Ved eit lite kvisthol på panelet du og eg
Sansar Her sit me og vert kveikte av ein høg standard innmura i dårleg planleggjing
Gnag Huset eg bur i er ein silo og eg er avlingi frå 1951
X) Slusone Dei er so sedlause at tunnelbana gjeng på skjenor i lufti
Gaffelstikk Ikkje for å vera løgjen, men - James Brown og Harpefoss kraftstasjon
Slumpelukka Like arveleg som ufrævleik
Par i ess Gjentor sova gutar lova
Orsaking Den eine stripa i genseren din kunde vore meir beige
Stern Magazin 327 megawatt kjernekraft i Niederrhein og den utringa Grace Jones vert samanklappa i ny fisjon
X) Den som vigjer seg til medgift treng motgift
Robinsonade Ordet er røynds undertone og biletet er utan farge
Tidleg svensk båt Ur-sjekta
Vasstett Du er so djup sa ho nokre kraftige symjetak uppetter mot Sven Ingvars
Heile livet er viktigt for resten av livet
X) Operasongaren bed Å, Kristus i det høge C
Ferdaliv Kom ikkje her med utflukter!
Sandpapir Små djevelens korn milliardar av brotstykke frå greske gudars fjell
Kunst er inkje skjemt Den gode Gud vilde hava skyna meg skaka på hovudet og sagt Ein gong lærer du og
X) Arkitekten Ein intensjon vert ikkje naudsynleg ein funksjon
Kastanje Ingen ser korleis brusteinen jagar trikkane uppetter gatone
Frognerbadet På fem-meteren Tolvåringar i svev mot spegelvend himmel
Vertshus Ikkje alle er like Josefine på det
Hovseter Åleine i troppi med postordrekatalogen og den prøvande smilen frå grannen
Desperat moderne So hole på uppleving at me berre er kar um å stetta oss sjølve X) Club 7 Kontrollert coole i denne bula
|